Kinn

Øya Kinn, berre 2,5 kvadratkilometer stor, har ei særmerket historie med mange store attraksjonar.

Kinn

Av Oddvar Isene

Øya Kinn, berre 2,5 kvadratkilometer stor, har ei særmerket historie med mange store attraksjonar,  m.a Kinnaklova, Kinnakyrkja og Kinnaspelet. Kinnaklova er eit av dei mest markante seglmerka på norskekysten, truleg til stor nytte for sjøfarande langt attende i tida. Kinnakyrkja, bygd på 1100-talet og ei av dei eldste steinkyrkjene på Vestlandet, har ei både løyndomsfull og engasjerande historie knytt til tidleg kristning av Norge. Kinnaspelet "Songen ved det store djup" er framført kvart år sidan 1985, og har fram til 30- års jubileet i 2014 samla omlag 90 000 på friluftsscena ved kyrkja. Spelet er i dag eit av dei mest tradisjonsrike historiske spela i landet.

Når dei første menneska gjekk i land på Kinn, er det ingen som veit. Truleg var det omlag på same tid som andre slo seg ned lenger inne på fastlandet. Tidlegaste spora etter menneskeleg aktivitet er produksjonen av diabasøkser  på Stakaldeneset lenger inne i fjorden, så tidleg som 8000 før Kristus. På Botnaneset er det gjort utgravingar med rikelege spor etter busetnad så tidleg som rundt 7000 år før Kristus. Buplassane der låg omlag ein meter under noverande havnivå. På Kinn måtte ein ha dukka fleire meter under havflata for å finne spor etter menneske på strandsona frå den same tida. Difor er det ikkje gjort sikre funn etter så tidleg busetnad på Kinn, men truleg har menneska på Kinn vore mellom dei første som slo seg ned på kysten her etter siste istid.

Først så seint som frå jarnalder og vikingtid er det gjort sikre funn etter busetnad på Kinn, med buplassar og hustufter, og gjenstandar funne i hellerane. Truleg har menneska på denne vesle øya alltid hatt fiske som det viktigaste livsgrunnlaget. Funn av store mengder bein av fisk og sjøfugl i hellerane, tyder på at det i periodar har vore riklege mengder fisk ved øya. Frå vikingtida og fram til i dag er det kjent at store mengder sild i periodar kvart hundreår kom inn til kysten i dette området for å gyte. Det siste store sildeinnsiget som fekk mykje å seie for Kinn, var rundt 1860. Med dei små opne båtane dei brukte den gongen, var det viktig å bu så nær fiskefeltet som mogleg, og den gongen stod sildestimane heilt inn under Nærøya og Kinn. I 1859 er det rekna at rundt 13 000 menneske budde som sild i tynne ute i øyane. Berre på Kinn var det innlosjert opp til 2000 fiskarar på det meste. Men berre 10 år seinare, rundt 1870 tok sildefisket slutt. I dei nye rike sildeperiodane som kom på 1900-talet, vart silda fiska opp med store motordrivne båtar som førde fangstane i land andre stader enn på Kinn.

Dagleglivet på Kinn før vi kjem framover til 1700-talet, er lite synleg i historia. Likevel er det tydeleg at Kinn var ein stad midt i leia, der sjøfarande stoppa når dei segla forbi. Særleg frå 1200-talet då kjøpmenn i Bergen fekk monopol på all turrfiskeksport, gjekk mange skuter gjennom leia her, både frå Nordland og andre stader langs kysten nordover. Vi veit at Kinnakyrkja stod ferdig rundt 1200. Med ei så stor og flott kyrkje, måtte det også finnast andre hus på Kinn, kanskje eit lite bygdesamfunn. Truleg var det ein møtestad for ferdafolk frå både nært og fjernt. Hit kom også pilegrimar som segla langs kysten til Selja og Nidaros. Kinnaklova var eit kjent og trygt seglmerke, som dei kunne navigere etter, og Kinnasundet hadde gode ankringsplassar.

Rundt 1680 kom det gjestgjevarstad i Kinnasundet. Gjestgjevaren Bernt i Furesundet, døydde i 1718, og i tida fram til ny gjestgjevar kom på plass, var det stor misnøye mellom sjøfarande. Dei kravde ny gjestgjevar, så dei fekk kvile i Kinnasundet. Omkring 1740 fekk Martines Mikkjelson sette opp handelshus og gjestgjevarstad. Frå 1759 finns det ei opprekning av husa på staden: Ei tømra saltebu, ei lita saltebu, ei lita notbu og naust, alt av tømmer. Eit større stavnaust, smaleflor, borgstove med eldhus, stovehus med tre kammers, kjøken og lem. Sorenskrivar og forfattar Hans Arentz skreiv i 1785 at "Kinnasundet er vel den alminneligste Skibshavn i Søndfjord"  Gjestgjevarstaden i Kinnasundet, med gjestgjevar Ola Mikal Henriksson, er også nemnd i samband med det engelske raidet i pinshelga i 1808, då tre engelske skuter med eit mannskap på omlag 40 brått kom inn på sundet og rana med seg to fullasta jekter på veg frå Nordland til Bergen. Berre etter halvannan time stakk dei av igjen, før kystvernet rakk å rykke ut. Heilt fram til først på 1900-talet var gjestgjevarstaden i Kinnasundet i drift. Den siste gjestgjevaren, Peder Pedersen døydde i 1916. Han hadde kjøpt gjestgjeveriet av dødsbuet etter Hans Christian Lass.

Seimfamilien overtar

Den gamle bonden, handelsmannen og "væreigaren" på Kinn, Hans Christian Lass, døydde i 1895. Året etter kjøpte Nils Larsson Seim frå Seim i Nordhordland øya Kinn, og flytte dit saman med kona Kari og dei tre yngste borna av ein stor søskenflokk på 12. Resten av familien vart buande på Seim. Nils Seim leigde dampbåten "Seimstrand" til flyttebåt, og frakta med seg mellom 200 - 300 sauer til Kinn. Seinare kjøpte han 50 geiter frå Eikefjord. Sauene vart ein varig og viktig del av jordbruket på Kinn, medan geitene etterkvart vart eit problem. Den viltveksande planten rams sette usmak på geitemjølka. Dessutan "klatra" geitene til fjells i ulendt terreng, der det var lite farandes for folk. Det hende at nokre måtte skytast ned, og det vart etter kvart slutt på geitehaldet.

Då Seimfamilien kom til Kinn, var mykje av innmarka leigd ut til småbrukarar og fiskarbønder. Skulle det bli ein god leveveg av det som var att for den nye familien, var det naudsynt å finne attåtnæringar. Sauehaldet var greitt, for sauene kunne gå i den felles utmarka størstedelen av året. Men Nils Seim starta opp med eit omfattande laksefiske med kilenot. Dette vart ein ny leveveg og ei viktig attåtnæring på Kinn. Einar Seim, den eine av dei tre brørne som overtok øya, busette seg i Kinnasundet, det han dyrka opp mykje av den bratte og steinrike jorda, slik at det vart nok innmark til nokre kufôr. Sauene som gjekk ute mest heile året, hadde  lite trong for innhausta for.

Rundt 1900 budde der i underkant av 100 personar på Kinn, om lag same tal fastbuande som ved slutten av dei rike sildeåra, rundt 1860. Skulen heldt til i gjestgjevarhuset før det rundt 1920 vart bygd eige skulehus. På den tida var elevtalet på ca. 15, men folketalet var alt no på veg nedover. I 1950 var folketalet kome ned i 67 personar, og i skulen var det att berre 12 elevar. Sjølv om nytt hamneanlegg kom på plass i 1962, og øya fekk eit langt betre rutesamband med fastlandet., gjekk det berre tilbake med folketalet. Tidleg på 1970-talet var det 5 elevar att i skulen, og desse vart flytta over til Rognaldsvåg skule. Øya miste med dette eit viktig grunnlag for busetting, og fråflyttinga heldt fram. I dag er folketalet ned i berre tre personar som bur der fast  heile året. Men om sommaren er der til tider eit yrande liv på Kinn, både av feriefolk og ikkje minst av turistar - og ei hektisk midsommarhelg tusenvis av tilskodarar til Kinnaspelet.

 

 

Share to