• Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)

Jermannburet på Gossen

Ormen Lange utbygginga

I samband med Ormen Lange utbygginga på Nyhavna blei det i 2004 bygd eit vassbasseng på Jermannburet som skulle sikre vassforsyninga til Aukra og utbygginga på Nyhavna. Bassenget har eit volum på 3000 m³.

Førhistoriske spor

Den arkeologiske undersøkinga avdekka fleire små røyser, ildstadar, kokegroper og stolpehol tilhøyrande ein bygningskonstruksjon. To av røysene kan ha vore gravrøyser som kan daterast til tidleg eldre jernalder, ca. 300-100 f.Kr. Ei nedgraving under ei røys ble datert til eldre bronsealder ca. 1800-1500 f.kr. Eldstaden ved stolpehola gav ei datering til eldre jernalder, 100-300 f.Kr.

Offerstein

Inntil ein større steinblokk blei det funne ein steinpakning. Trekol tatt under steinpakningen vart tidfesta til slutten av eldre jernalder, 400-500 e.kr ved C-14 metoden. Arkeologane tolka den store steinen som ein mogleg offerstein.

Religiøs aktivitet

Jermannburet ligg langt frå ressursane i havet og er lite eigna til jordbruksområde. Det er vanskeleg å knytte spora frå dei arkeologiske undersøkingane til vanlig busetting. Bautasteinen, gravrøysene og den moglege offersteinen kan tyde på religiøs eller kultisk aktivitet.

Kultisk bygning

Eldstader og kokegroper treng ikkje vere knytt til fast busetting, med matlaging og daglege gjeremål. Dei kan også ha med kultiske handlingar og festar å gjere. Dette kan og gjelde for spora etter bygningskonstruksjon. Bygningen kan ha vore eit kultbygg.

Eit markant landskapselement

Jermannburet skil seg sterkt ut i det flate landskapet på Gossen/Aukra. Tradisjonelt har slike landemerke ofte hatt ein betyding i forhistoria. Dette kan ha vore eit landemerke og utkikspost eller ein stad der døde vart gravlagt. Staden fikk då ein religiøs betyding der forfedrene vart mintest og heidra.

To gravrøyser

Litt syd for Jermannburet ligg det to gravrøyser. Frå desse gravene er det ikkje kjende funn, men dei stammar truleg frå bronsealder eller eldre jernalder.

Bautasteinen

I dag ligg berre den nedste delen av bautasteinen igjen på toppen av Jermannburet. Bautaen sto oppi ein liten ring eller ei røys av stein. Ein trur at den lille røysa og bautaen stammar frå jernalderen, truleg ein stad mellom 200 til 900 e.Kr. Eit stykke sør for Jermannburet er det i nyare tid sett opp ein ny bautastein.

Kultursti

I dag går ein kultursti til Jermannburet og der kan ein nyte ei fenomenal utsikt. Kulturminna er skilta.

Share to