25. To ektepar

"Vers ved vannvegen" presenterer den lokale diktaren Alf Haugland sitt dikt "To ektepar".



Dei sto og sturde,

mannen og kvinna,

ved den svarte åkeren

der såkornet ikkje ville spire

 

men

ved ein annan åker

sto ei anna kvinne

og ein annan mann

og gråt over

fullmogne aks

som var svarte av

frost.

"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen

Share to