27. Attersyn 1

"Vers ved vannvegen" presenterer den lokale diktaren Alf Haugland sitt dikt "Attersyn 1".

Dei største

fiskane

har eg alltid

mist

 

og dei beste

dikta mine

har eg skrive på

brånande skaresnø

kringom pilkeholet

"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen

Share to