• (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • (Copyright)
  • Photo: Olav Edal
    (Copyright)

Høying frå Fannadalen


Dette er skrive ut frå ein skulestil eg skreiv då eg var 12 år. Innhaldet er det same, men har ”mjuka opp” setningane litt. Hendinga er frå om lag år 1900, - er sann - og vart nedskriven etter slik Helge P. Edal fortalde meg den 1.oktober 1961. Han var då 84 år gammal.                                                                                                                                                                  

- Det er omlag 60 – 65 år sidan dette hende. Det var dugnad på Kolle for å få heim høyet frå Fannadalen, og det leid så langt ut på vinteren at det var skare i fjellet. Høyet var slege, tørka og sett opp i ”stakk” sommaren før der inne.

I alt 8 mann frå gardane ”inante”reiste over fjellet til Fannadalen med tòg og kvar sine kjelkar for å få høyet fram og heim. Veret var ikkje så heil fint, og det snøa heile tida mens dei gjekk innetter fjellet. Kjelkane sette dei att på Brattefonna, for det var for tungt å dra høyet oppover der frå Fannadalen. Difor måtte dei bera det på ryggen, og såleis gjera 2 turar  kvar ned i Fannadalen og oppatt på Brattefonna, for det skulle vera 2 byrder på kvar kjelke. Så var det å dra høydrògene den 4 til 5 timars lange vegen heim over fjellet til Kolle.

Snøa gjorde det framleis, så snøen gjekk no ”midt på legg”, - og kram vart han òg. Det la seg ofte mykje snø framfor kjelkane, så det var tungt å dra. Det snøa tett, og då karane kom opp til Svartevarden, byrja det òg å blåsa . Vinden auka på og det la seg svære skavlar mange stader som gjekk mest opp på magen på dei. Men det var ikkje berre snøfokket, det kom det som var endå verre - det tok til å mørkna. Og då vart vanskane endå større. Difor måtte dei setja att høydrògene sine, og tenkja på å koma seg heimatt sjølve.

Dei tok tòg å knytte om einannan, så dei ikkje skulle komma bort frå kvarandre. Men så gjekk dei feil og kom ut på eit høgt stup. Dei prøvde å finna ein stad der dei kunne koma ned, men  utan hell. Så til slutt måtte dei prøva å fira ein mann utfor, men han fann ikkje noko fast fotfeste, så dei måtte dra han opp att. Då vart dei heilt rådlause, for det nytta ikkje å prøva og komma her i frå så lenge det var mørkt og snøfokk.

Karane fann då på at dei skulle laga seg ein runding i snøen, som dei skulle gå etter kvar si stund, medan andre fekk kvila seg. For skulle dei setja seg ned alle, kunne dei lett sovna og frysa i hel. Slik heldt dei på heile natta.

Då det tok til å ljosna, såg dei at dei var komne heilt fram på Kvitlafossen. Såleis vart det å gå eit stykke attende før dei kom seg i rette vegen att. Dei måtte bytast om å gå først sidan det hadde snøa og blese heile natta, men etter mykje strev og bal kom dei seg heim-att.

Dei som var heima på Steine og Edal, trudde karane var reiste til Kolle, og dei på Kolle at dei var på Steine, sidan det var så svær snø. Dagen etter reiste nokre andre karar innover fjellet etter drògene, og greidde såleis å få høyet heim.


Dei som var med på dette var: Forteljaren Helge P. Edal f.1877,   Helge H. Steine f.1879, Knut N. Kolle f.1872,   Odd H. Kolle (Nyerslo) f.1870,   Herlaug N. Steine f.1848,   Magne E. Kolle f.1880,   Jon E. Kolle f.1867  og   Helge A (Brekke) Steine f.1858 (seinare Tillung).

Share to