• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)

Knud Knudsen – fruktdyrkar og fotograf

Fotograf Knudsen

I samtida vart Knud Knudsens arbeid som fruktdyrkar høgt vurdert, men det er som fotograf han har sett spor etter seg. Opplæring som fotograf fekk han truleg i Bergen hjå Selmer. Etterkvart vart fotograferinga hovudnæringa. Året delte han mellom fruktdyrking på Tokheim, fotografverksemda i Bergen og resten av tida som reisande Noregsfotograf. I over 30 år reiste han dei mest kjende turistvegane på kryss og tvers, frå Kristiansand i sør til Hammerfest i nord.

Kulturhistorisk skattkiste

Bileta hans fell i tre hovudgrupper: den framveksande turismen (skysstasjonar, tettstader, hotell og ferdslevegar), landskapsbilete og folkelivsbilete. K. Knudsens biletsamling er i dag ei kulturhistorisk skattkiste. Som fotograf var Knudsen ein foregangsmann og nyskapar, og han vert i dag vurdert som ein av dei mest interessante biletskaparane i førre hundreår i Noreg.

Delar av hans arbeider er tilgjengeleg på nettet i Knudsensamlingen hos Universitetsbiblioteket i Bergen.

Share to