• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Skisegling

Skisegling er ein aktivitet som kombinerer to norske idrettsgreiner: skisport og segling.

Skiseglet drar deg opp bakken
Ein skil mellom skisegl og «kite», der skisegl har korte liner, mens kite har lange liner.
Med eit skisegl kan du kryssa mot vinden på ski. Seglet er lett å bruka, og du styrar det med ei stikke som er festa til eit hoftebelte. Mange skiekspedisjonar til Antarktis har brukt ulike formar for skisegl og kite for å koma lettare fram på sine lange turar. Tidlegare brukte ein gjerne fallskjerm, men då kunne ein berre segla i medvind. Dagens skisegl er mykje lettare å bruka, dei veg berre 13 kilo, får plass i eit trekk og kan altså òg brukast i motvind.

NM i skisegling vert heldt kvart år. Finse har vorte midtpunktet for skiseglinga og kitinga, og der vert det halde kurs fleire gonger i året. Dei siste åra har bruken av kite (drake) auka mykje då utviklinga har gjort dei enklare og trygge å bruka. Det er no den mest populære forma for skisegling.

Share to