• Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)
  • Photo: Knud Knudesn (Opphavsrett)
  • Photo: Knud Knudesn (Opphavsrett)

Knarrevik - Eit industrieventyr i mellomkrigstida

A/S Den Norske Superfosfatfabrikk

Svære inntekter frå fiskeeksport og sjøfart skapte eit akutt investeringspress. Dette førte til ei industrietablering som bergensk reiarkapital stod bak: A/S Den Norske Superfosfatfabrik. Dette anlegget vart bygt ut i åra 1916-20; ein fabrikk for framstilling av gjødningsstoff som tidlegare vart importert, basert på elektrisk kraft. Aksjekapitalen var over 10 millionar kroner; arbeidsstokken berre 100 mann. Saman med ein stor sildeoljefabrikk, eit par mindre anlegg for framstilling av gassakkumulatorar, kalk og mørtel representerte dette likevel nok arbeidsplassar til at staden passerte «tettstadgrensa » i 1920.

A/S Norwegian Talc

Dei mange produksjonsbygningane, arbeidarbustader og administrasjonsbygg gav staden eit bygningsmessig preg av tettstad, men dette skulle ikkje vara lenge: Konjunkturomslaget i 1920-åra førte til at drifta måtte stansa ved fosfatfabrikken, kapitalen gjekk tapt og sjølve hovudanlegget vart liggjande, inntil det vart starta opp ny næringsdrift kring 1930; A/S Norwegian Talc.

Industripark

Sildeoljefabrikken vart nedlagd i 1974, men etter at brua kom i 1972, er Knarrevik likevel blitt ei hjørnesteinsbedrift eller ein «industripark » i kommunen med steinbrot, mekanisk verkstad og gjenvinningsstasjon for papir.
 

Share to