• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Hjelmo

Hjelmevågen

Indre Hjelmevågen har gjennom hundreåra vore hamn for gardane på Hjelmo. God hamn og djup jord var hovudgrunnane til at kyrkja vart bygd her. Etter at Herdla vart skilt ut som eige prestegjeld i 1868, vart Hjelmo framleis høyrande til Manger prestegjeld - tvers over Hjeltefjorden - under Bø sokn.

Ytre Bø kapell, som Hjelme kyrkje opphavleg heitte, vart vigsla i 1875. I 1902 vart Hjelme eige kyrkjesokn, som i 1916 vart overført frå Manger til Herdla prestegjeld.

Kyrkja - eit felles løft

Alle gardane på Hjelmo gjekk saman om å kosta kyrkja, og betalinga vart utrekna etter storleiken på gardane. Ei tid var brukarane pålagde å koma med ei båtlast jord til gravplassen. Presteskyssen gjekk på omgang. Dei fire rorskarane som trongst hadde ein lang og hard tur over Hjeltefjorden, til Manger, for å henta presten.

Verna sjøbruksmiljø

Den gode hamna har ikkje same funksjon i dag som for 100 år sidan, då sjøen var hovudvegen. I dag er dette fine sjøbruksmiljøet verna og sett i sin gamle stand. Og om du treng skyss, så kan du her leiga deg båt for å koma på fjorden.

Share to