• Photo: Ann Steindal
    (Copyright)
  • Photo: Ann Steindal
    (Copyright)

Helleristningar ved Mostraumen

Båtfigurar

Figurane er prikkhogde i relativt grov teknikk og har dessutan vore utsette for vitring, og er difor ikkje så lette å følgja. Her finst i alle høve fem båtfigurar og dessuten ein mogeleg sjette båt, samt tre liner/figurar som ikkje lenger gjev meining. Den lengste båtfiguren måler 85 cm. Dei sikre båtane har 4-11 såkalla mannskapsstrekar. Helleristningane er no å finna 5-6 meter over havet, men då dei vart laga låg dei truleg tett i flodmålet. Både ut frå strandlinenivået og typen ristningar kan det sjå ut som figurane ved Mostraumen er blitt til i siste delen av yngre bronsealder eller i første del av eldre jernalder. På denne tida låg store mengder grus som ein barriere mellom vatnet innanfor (seinare kalla Movatnet) og sjøen. Frå vatnet gjekk ei elv ned til fjorden. Først etter at ein svær flaum hausten 1743 tok med seg botnen av elva, strøymde saltvatn inn i Movatnet og straumen vart skapt.
 

Rituale? 

Området ved Mostraumen utgjorde ein «portal» til Modalen og fjellstrøka kring, og det er nettopp på slike stader ein ofte finn helleristningar. Vi veit ikkje sikkert kva førestillingar som fekk folk til å rissa figuarar i berget. I seinare tid har forskarane lagt vekt på at ristningane kan ha vore del av ulike former for rituale, der overgang frå ein tilstand til ein annan har stått sentralt. Det kan til dømes dreia seg om endra årstider, nye fasar i menneskelivet eller gjenoppretting av orden etter ein katastrofe. Det er også uvisst om den eller dei som laga ristningane var på reise, til dømes for å driva jakt og fangst, eller budde fast på grusterrassen ved Mostraumen, der jordbrukstilhøva truleg var gode.
 

Kulturminne

Figurane på Seljaneset blei utpeika til Modalen kommune sitt kulturminne ved kulturminneåret 1997. Her er no rasteplass slik at køyrande mellom Modalen og E-39 i Romarheimsdalen kan nyta niste og kikka opp på ristningane.
 

Share to