• Photo: Stein Ottosen (Opphavsrett)
  • Photo: Arnulf Østerdal (Opphavsrett)
  • Photo: Stein Ottosen (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kubbervik og Klinkholmen - kremmarsete og handelsstad

Tuskhandel og brennevin på 1700-talet

Så seint som i 1706 var det skottar på hamna i Bårsund. Eit skottefartøy vart under buksering dette året teke av ei vindråse, ført til lands og forliste. Kring 1710 vart det slutt på denne handelen, men dei seinare oppsitjarane i Vikjo dreiv både med tuskhandel og ulovleg brennevinssal, går det fram av kjeldene.

Ny handel på Klinkholmen på 1800-talet

Så kom den nye tida. Tysnesingen Rasmus Waage kjøpte Klinkholmen under Kubbervik i 1859, ein plassholme noko utforbi det gamle 1600-tals-kremmarsetet. «Klinkjen», som han gjekk for i daglegtalen, var ein drivande og vidfemnande kar. Han dyrka opp holmen, bygde gode hus både til folk og fe og ikkje minst til handelsverksemda han etablerte her, med forretning, bakeri, dampskipsekspedisjon, jaktefart, silde- og fiskeoppkjøp og salting. Han var særs heldig med fiske- og sildehandel på Nordland. Han skava av jorda på alle svaberg og skarvnakkar og tørka fisk i store mengder. I 1887 reiste han til Brandasundet i Bømlo og bygde ut handelsstaden der. Men etterkomarane hans dreiv handel på Klinkholmen til nærare 1940. Etter kvart kom det både postopneri og telefonstasjon her i tillegg. Verksemda vart heilt avvikla 1955-57.

Share to