• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Gravfeltet på Årbakkasanden

Den eldste omtalen er frå 1626 og finst i eit manuskript om «Antiqvitates» og «gamle Monumenter» i Bergens stift, kanskje ført i pennen av biskop Niels Paasche. Ei teikning, som synest vera rein fantasi, er attgjeven av Ole Worm i hans store verk om danske fornminne, Danicorum Monumentorum libri sex frå 1643. Noko betre, men langtfrå nøyaktige, er teikningar og skisser frå 1820-åra av W.F.K. Christie og N. Hertzberg.

Bautasteinar

Manuskriptet frå 1626 nemner 6 bautasteinar og 6 steindyngjer. Folk meinte det var minne etter tvekampar i gammal tid, då Årbakkasanden vart brukt som valplass. Dei stridande stilte seg opp i kvar si røys og kasta stein på kvarandre til den eine vart liggjande. Over taparen vart det reist ein minnestein som skulle vera like høg som lekamshøgda åt den avlidne. Den høgaste steinen som er nemnd i manuskriptet frå 1626, var 5 1/2 sjællandske alen, dvs. 3,5 meter.

Gravfelt frå jernalderen

Granskingar frå vår tid syner at «valplassen» på Årbakkasanden er eit gravfelt frå eldre jernalder. Her har vore 6-7 bautasteinar og minst 25 haugar, røysar og steinringar. Det skal vera funne både leirkrukker og våpen i røysane, men det meste er bortkome. Eit funn finst i Bergen Museum. Det inneheld eit gravgods frå 3-400-talet e.Kr. med restar av nål, kam og dekorerte bitar av bein, eit par glasbrot, nokre bjørneklør og brende menneskebein.

Share to