• (Opphavsrett)

Vatnahalsen

Vatnahalsen Høyfjellshotell har lange tradisjonar som går heilt tilbake til 1896, då det fyste hotellet
blei oppført. Det har stortsett våre kontinuerlig drift av hotellet her sidan, men i periodar har det kun
våre drift deler av året.

No verande hotell blei oppført i 1953/54, etter at det forgje hotellet brann ned under krigen. Hotellet
er seinare utvida, med "ny" romfløy samt konferanse rom rundt 1970. Hotellet har i dag ein kapasitet
på 40 rom. Lyse og trivelege rom, dei fleste med god plass, bad/dusj og toalett. I tilknyting til hotellet
er det eit Anneks, bygningen her er frå rundt 1880, og var opphavleg nytta som anleggsbrakke
under bygginga av Bergensbana. Etter at hotellet tok over bygningen har det blitt nytta som tjeneste
bustad for ansatte på Vatnahalsen. Etter at hotellet brann i byrjinga av krigen fungerte annekset som
Fjellstove, dette varte fram til det nye hotellet opna. Over dei siste åra har annekset blitt oppussa, og
me kan på somaren tilby overnatting her.

Telefon: 57 63 37 22
E-post: vatnahalsen@c2i.net
Web: http://www.vatnahalsen.no

Share to