• Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)
  • Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)
  • Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)

Tellevik kystfort

«Batteri Tellevik»

«Batterie Tellevik» blei etablert i 1941 for å kunna motså alliert framrykking sørover. Under resten av krigen føregjekk ei vidare utbygging. Både tyskarar, utkommanderte og frivillige nordmenn, samt russiske krigsfangar frå leirane på Saurås og Li deltok i arbeidet. Fortet fekk fire store kanonar i kaliber 10,5 cm og fleire mindre. Elles var her mellom anna ei rekkje bunkerar av tjukk betong, mannskapsbrakker og nærforsvarstillingar med mitraljøser, flammekastarar og lyskastarar. I sjøen nedanfor fortet la tyskarane ut minefelt.
 

Formidling av krigshistorie

Bygginga av Nordhordlandsbrua resulterte mellom anna i at to av kanonplattformene blei sprengde bort. Dette førde til nytt søkelys på kystfortet. Privatpersonar tok initiativet til å ta vare på dei attverande krigsminna. Det dreidde seg til dømes om ei kanonplattform, nokre mindre bunkerar, ein mur til vern for eine mannskapsbrakka, grunnmur til brakke, kommandoplass og den ombygde offisersbrakka. Stiftinga Tellevik kystfort såg dagens lys i 1997 og fekk alt året etter kulturvernprisen for Åsane. Statuttane slår fast at den sentrale oppgåva er å formidla fortet si historie til skulebarn.
 

Share to