• Photo: ukjend
    (Copyright)

Handelsstaden på Tjernagelsholmen

Det er lite som i dag står att av den gamle handelsstaden på Tjernagelsholmen. Hovudhuset vart rive i 1971, og nokre av dei gamle sjøhusa er òg borte.

God, lun hamn

Den lune vågen, med innseglinga skjerma av holmar, dannar ei naturleg hamn som gjorde Tjernagelsholmen til eit senter for handels- og gjestgjevarverksemd i eldre tid. Så lenge det har vore ferdsle langs kysten, har ei slik hamn gjeve kjærkome ly mot vêr og vind.

Stor aktivitet under fiskeria

Under vårsildfisket på 1800-talet var det knytt stor aktivitet til Tjernagelsholmen, med handel, bøkring og sildesalting. Hamna gav nattely for fiskarane.

No er det slutt på handels- og næringsverksemd på Tjernagelsholmen, men den lune bukta ligg her, til glede for dei fritidsbåtane som finn vegen hit.

Stadnamnet Tjernagel

Tjernagel er eit namn med historisk sus. Første gongen vi finn det nemnt, er i diktet "Tøgdråpa" av den islandske skalden Torarin Lovtunge. Diktet finst i tre sogeverk: Fornmannasoger, Flateyarbok og Soga om Olav den heilage. Tjernagel er der skrive Hiernagla (genitiv) eller i nærståande former, men alle stader med H i framlyd. Tydinga av ordet er «sverdnagle», her helst nytta om ei høgd som er samanlikna med ein sverdnagle. Skrivemåten med Tj kjem først på 1600-talet.

Share to