• Photo: Wikipedia (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Vegetasjonen langs Rallarvegen

Langs Rallarvegen kan ein oppleve nokre av dei mest dramatiske økologiske kontrastane landet vårt har å by på.

Langs Rallarvegen kan ein oppleve nokre av dei mest dramatiske økologiske kontrastane landet vårt har å by på. På korte strekk endrar landskapet seg frå frodige, lune lauvskogar til karrige, avblåste rabbar eller kalde og våte snøleier. Klimaforholda endrar seg med høgda over havet, terrenget sitt relieff gir variasjonar i innstråling, snødekke og dreneringsforhold. I tillegg bestemmer skifta i berggrunnen tilgangen på mineralnæring for plantane. Om ein tolkar fargespel og livsformer i vegetasjon og landskap, vil dei økologiske skifta vere lette å observera, sjølv frå ein sykkel i fart.

Bjørkeskogen
Lufttemperaturen fell gjennomsnittleg med 0,6 °C for kvar 100 meter ein stig opp i høgda. Dette vil ein kanskje ikkje merka på veg opp frå Haugastøl mot Finse ein varm sommardag, men effekten er svært tydeleg i vegetasjonen. Ved 1 000–1 100 meter over havet vil skogen verta avløyst av hei og myr der einer, dvergbjørk og vierkratt er dei høgaste vedplantane. Her vert sommaren for kort og kjølig til at tre – i dette tilfellet mest fjellbjørk – kan konkurrera. Den observante vegfarande vil oppdaga at det ikkje er enkelt å bestemma skoggrensa eksakt i terrenget. På lune stader kan ein sjå bjørkekratt langt over den meir samanhengande skogen. Mange stader er trea trengt tilbake etter hundreår med hogst og beite ved setrane. I dag vinn skogen tilbake tapt terreng og ungskog slår opp på stader eldre folk fortel at tre ikkje fanst for berre nokre tiår sia! På lengre sikt vil klimaendringar gi denne prosessen auka styrke. Frå vest følgjer i dag skogen vegen opp forbi Seltuftvatnet til om lag 1 000 meter over havet. På austsida heng han med forbi Store Tangevatn på 1 060 meter over havet. Om nokre tiår vil meir av strekninga gå i skogsterreng: Heilt inn til Hallingskeid i vest og til Tunga i aust er ungskogen i ferd med å etablera seg.


Fjellet
Over skogen har vintersnøen regien. Nedbøren kjem stort sett frå vest, og vinden samlar snøen i forseinkingar og skavlar i nokolunde same mønster frå år til år. Verknaden kan ein lesa i vegetasjonen om sommaren.

Låg, krypande lyng klorer seg fast på dei avblåste rabbane saman med spinkelt gras, mose og lav. Dei må tola ekstrem kulde og slitasje frå fokksnø om vinteren, men må også overleva vårknipa når bakken er frosen og sola tørkar ut vegetasjonen. Lav og mose toler å tørka heilt ut, men blomeplanter vil dø så lenge røtene står i frosen mark. Aust for vasskiljet kan dei tørraste rabbane lysa gulkvite av reinlav på avstand, mens fargane er mørkare grå i vest der gråmose dominerer. Vestpå kjem nedbøren hyppigare enn austpå. Dermed vil mose konkurrera betre enn lav. Haustfargane er også oftast sterkare på austsida, då klarvêr med kalde netter og varme dagar er hyppigare her om hausten. Det hjelper til å få fram haustfargene når blada sitt klorofyll trekkjer inn i plantane. Då vil rypebær flamma opp i den mest fantastiske raudfargen vår flora kan visa fram, synleg på lang lei!

På dei høgaste strekningane hopar vinden opp store snøfonner, slik mang ein sommarsyklist smerteleg har fått erfara langt ut i juli. I snøleiene er vekstsesongen kort og berre spesialistar som musøyre trivst. Denne vesle vierbusken når knapt 2-3 cm over bakken, men kan med sine krypande greiner verta ganske omfangsrik under bakken og dekkja store flater.

I lesidene – soner mellom ekstreme snøleier og avblåste rabbar – vil ofte blåbærplanten dominera på nokolunde godt drenert og stabil mark. Dertil byr han på sers velsmakande bær og vert følgd av gras, blomstrande urter og små sirlege bregnar. Er ein riktig heldig, kan ein treffe på den staselege søterota, som halvmeteren høg med liljeforma blad og store, mørkt brunraude blomar ikkje er til å ta feil av.

Vatn er det mykje av langs Rallarvegen, og det set sitt preg på vegetasjonen. Der sand og silt er lagt opp i flommark langs bekkar og elver, utviklar frodige beiteenger seg med starr og gras. Finsefetene nedanfor Finsevatn er eit godt døme. I liene røper grågrøne striper og felt av vierkratt at friskt sigevatn er på veg ned skråningane. Her kan ein finne fjellets største staudar – kvann, turt og tyrihjelm. Der vatnet stoppar opp, dannar det seg myr, og fargane går meir i gulgrøne og brunlege nyansar.

Fjorden
Frå Vatnahalsen stuper Flåmsdalen bratt ned til fjorden. Fjellet sine plantar følgjer med ned i berga, mens den varmekjære edellauvskogen kryp oppetter urene. Her kan ein oppleva Noreg sin nasjonalblome, bergfrue, hengjande utover i full skrud medan ein trillar under et frodig lauvtak av hengebjørk, or, ask og alm. Langs vegen veks mannshøge bregnar, breiblada gras og saftige urter. Eksotisk og vakkert!
 

Share to