• Photo: Einar Grieg (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Skog eller ikkje på Hardangervidda

Vegetasjonen på vidda har utvikla seg mykje dei siste 10 000 åra.

Etter kvart som innlandsisen forsvann over Hardangervidda for vel 10 000 år sia (8 000 år f. Kr.) kom dei høgaste fjella først fram av isen, samstundes som breen trakk seg tilbake opp på Vidda. Etter kvart som grus, stein og berg vart blottlagt byrja vegetasjon med mose og lav å etablera seg. Opp over dalane kom dvergbuskar og buskar med vier, dvergbjørk, og så det første treslaget med bjørk, og så skogen. Om vi leitar etter restar etter skogen kan vi i myrar og tjern i dag finna stammer og røter av nokre av treslaga, og her held einer og furu seg best. Blomestøv eller pollen held seg godt kanskje vel så lenge. Om ein aldersbestemmer slikt materiale får ein på materialet sin alder, ein viktig faktor når ein studerer fortidas vegetasjon.

Av treslaga er det furu som har gitt den eldste alderen. Solid furu, både stammer og røter er funne og datert til 7 300 år f. Kr. i Ustedalen nær 1 200 meter over havet. Litterære opplysningar fortel om funn av stubbar nær opp til 1 250 meters høgde. Bevis for slike funn har vi ikkje i dag, men vi skal ikkje lukke dei ute. Over furua har vi spor etter vier og lyng. Trerestar etter bjørk er det dårleg med, men pollen av gråor finst opp til 1 000 meter nokre stader, og kanskje vel så det.

Klimaet var godt, men denne gode tida vara ikkje meir enn kanskje 500–1 000 år, til om lag 7 000 år f. Kr. Vêret vart kaldare og fuktigare, og tregrensa fall, kanskje ned til dagens nivå på om lag 1 100–1 150 meter i aust og om lag 950 meter i vest. I myrar og småvatn finn ein planterester frå denne tida.

I yngre steinalder har vi ein betre, men forbigåande, periode mellom 4 300–3 800 f. Kr. Igjen finn vi fururestar, men ikkje høgare enn på vel 1 000 meter. Etter dette forverra klimaet seg igjen. Dei siste 2 000 åra har vi også hatt nokre endringar med betre forhold, men aldri så godt som i den første tida.

Ein sers viktig faktor har vore menneska sin bruk av fjellet, ikkje til jakt, men som beiteareal for husdyr, fyrst sau og geit, men så også for storfe. Seterdrifta tok til om lag 500 år f. Kr. Det gjekk hardt ut over skogen og vierkratta, og skogen forsvann nesten heilt langs Ustevatnet. Dei gamle tuftane etter stølane langs vegen fortel kor folk heldt til med dyra.

Om vi ser på Hardangervidda i dag, er ho trelaus og vert omtala som eit høgfjellsplatå. Topografisk sett er dei austlege og sentrale områda relativt flate og eins¬arta, mens dei vestlege delar har eit kraft¬igare relieff. Arealet er stort, om lag 4 000–6 000 km2, alt etter kva ein reknar med av områda i randsonen av sjølve Vidda. Skoggrensa ligg i aust på om lag 1 100 meters høgde, og i vest vel 100 meter lågare. Enkelte tre av bjørk eller helst rogn kan vere å sjå høgare oppe, og vert rekna som enkelttre over det ein definerer som skoggrense. (Ein rogn skal til dømes ha vorte funnen på 1 500 meters høgde). Tilskoginga i dag er i hovudsak skulda nedlegging av dei mange stølane og markert redusert beite. Både vieren og bjørka dreg nytte av det.
 

Share to