• Photo: Wikipedia
    (Copyright)

Raudrev

Raudreven finn ein langs store delar av Rallarvegen og han er ikkje spesielt sky.

Raudreven finn ein langs store delar av Rallarvegen. Kanskje ikkje på dei aller høgaste strekningane, men elles kan ein stadig sjå det karakteristiske dyret luska langs eller over vegen, og han er ikkje spesielt sky. Raudrev er større enn fjellrev, og har andre fargar: varm raudbrun om sommaren, og meir gråbrun om vinteren. Karakteristisk er den kvite haletuppen, heile året, og dei mørke labbane. På avstand ser ein rev ut som ein raudleg, kortbeina hund med svært stor hale.

Raudreven er ikkje kresen, og er ein dyktig jeger etter hare, smågnagarar, fugleegg og fugleungar, og sjølvsagt åtsel. I tider med god mattilgang kan dei få store kull, som held til i hi dei ofte lagar sjølv. Reveekskrement liknar andre rovdyrekskrement ved at dei er trekte ut i ein spiss ende.
 

Share to