• (Opphavsrett)

Krystall-isbjørnen til mamma

Desse isbjørnane vart laga på byrjinga av 1970-talet, med design av Willy Johansson, ved Hadeland glassverk på Hadeland i Oppland. Isbjørnane var ganske så populære på den tida, og mange modellar blei selde då. Framleis den dag i dag blir det selt krystallisbjørnar der, men no ein del dyrare. Det var nok fleire som likte utsjånaden på dei - det er i alle fall derfor mamma har ein i stova vår.

Isbjørnen står på ein isblokk. Isbjørnen er også mykje tyngre enn han ser ut. Den er ca. 16x24 cm stor og veg 5-6 kg. Alt saman er i massiv krystall. Isbjørnen står i stua, i veggseksjonen, og den har vi hatt stor glede av i mange, mange år.

Mamma hadde hatt lyst på isbjørnen i lang tid, men tykte at han var for dyr. Lite visste ho at isbjørnen nærma seg, fordi på Hadeland vart han seld for kr 1 400. ”Det var mykje billegare enn mange andre stader”, sa ho. Då kunne mamma endeleg få kjøpe isbjørnen ho hadde drøymt om.

Kjelder: Aamlid, Torhild; intervju; 10.10.2009
 

Share to