• Photo: Prospect av Catharina H. Kølle. Avfotografert av Helge Sunde. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Ole Raknes (Opphavsrett)
  • Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)
  • Photo: Teikning av Jon Skonvig. (Opphavsrett)

Eidfjord kyrkje

Opning i vestgavlen

Mellomalderkyrkja med spissbogne vindaugo og døropningar, har ei opphavleg rektangulær opning i vestgavlen, kan henda eit vitnemål om at segl og mast frå leidangsskipet vart lagra på kyrkjeloftet.

«Rike-Ragna»

Torgeir på Spånheim var ikkje åleine om å gje midlar til oppføring av kyrkja. Mest kjend er ho som vart kalla «Rike-Ragna», som framleis har gravsteinen sin ståande i kyrkja, aust for korinngangen i sørveggen. Her ser vi at den knelande Ragna gjev ein kyrkjemodell til apostelen Jacob den eldre, som kyrkja er vigsla til. Innskrifta fortel at «Her: Hvilir: Ragna: Asolfridsdottir: Er: Denne: Kirku. Let: Gera». 

Skålgroper

På kyrkjegardsmuren, like sør for porten, ligg ei skiferhelle med 52 innhogne skålgroper. Hella vert kalla «Liksteinen». Det var i gammal tid fast skikk å setja likkistene frå seg her, før dei vart borne inn på kyrkjegarden.

Autentisk minnesmerke frå mellomalderen

Den sjeldsynte korskiljeveggen frå mellomalderen er ombygd og dekorert på 1600-talet. Preikestolen er frå 1613; døypefonten frå 1680. Pengemangel gjorde sitt til at planane for utviding av kyrkja, vedtekne i 1893 etter arkitekt Blix sine teikningar, aldri vart gjennomførte. Det sikra Eidfjord og Vestlandet eit eineståande autentisk minnesmerke frå mellomalderen.

Share to