• Photo: Atelier K. Knudsen: «Hardangervegen ved Samnangerfjorden» (Opphavsrett)
  • Photo: Ingeniør Ingebrigt Lunde (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Carl Gustav Normann. Postkort. (Opphavsrett)

Gamle ferdslevegar gjennom Samnanger

Gamlevegen gjennom Frølandsdalen

Frå Tysse gjennom Frølandsdalen og vidare over Kvamskogen til Hardanger har det også vore ferdsle frå gammalt. I 1860 løyvde heradstyret pengar til bruer over elva ved Mørkhølen og ved Rossebotn nedanfor Storlid. Restar av den gamle vegen er enno synlege på austsida av elva mellom Frøland og Mørkhølen og ved Rossebotn.

Kjørevegen til Nordheimsund

Kjøreveg frå Tysse over Kvamskogen var ferdig til Norheimsund i 1906. Vegen opna og for turistferdsle. Særleg i 1920-åra var det stor trafikk av engelske og hollandske turistskip på Samnangerfjorden. Passasjerane vart sette i land på Tysse og fekk hesteskyss over Kvamskogen til Norheimsund, der båtane henta dei att.
 

2 comments

  • Bilen er en Morris Minor ca. 1932
  • Bilde 1: R-1300 står i Norges Bilbok 1935 på Arthur Sørum, Minde, som Morris 1932 personbil. Bilde 4: Bussene ser ut til å være fra like før eller like etter krigen.

Share to