• Photo: Maria Aamlid Ødeskaug (Opphavsrett)

Kubbestolen til gome

Kubbestolen vart teikna og skoren ut tidleg på 1970-talet. Gofa begynte å teikne stolen i romjula, og begynte å skjere den ut i jula. Mønsteret på stolen heiter akantus. Akantus er ei plante. Den er ofte brukt til treskjering som mønster. Gofa satt på kjøkkenet og skar ut stolen. Stolen vart ferdig i byrjinga av mai. Då stolen vart ferdig, kom han på utstilling i Valle.

Gofa brukte omlag fem månader på å lage mønstret, teikne stolen, skjere han ut, og lakke han. Men gofa fekk berre kjøpe ein liten del av furua, fordi det var mange andre som også ville ha litt av den, truleg til å lage kubbestolar.

Gofa fekk spørsmål om han ville selje stolen, men det ville han ikkje, fordi han ville ha den sjølv. Tilbodet fekk han rett etter utstillinga i Valle. Kubbestolen betyr mykje for gome fordi det er eit veldig kjært minne etter gofa, og det var den aller første kubbestolen han laga. Han laga mange kubbestolar etter denne, men dette er den einaste gome har no. No står stolen ved sida av tv-en, og gome kan sjå på han kvar dag og minnast gofa.
Kjelde: Aamlid, May Irene; intervju; 05.10.2009
 

Share to