• Photo: postkort. Mittet og co.
    (Copyright)
  • Photo: Helge Sunde
    (Copyright)

Vegen over Haukelifjell

Storstilt vegarbeid

I 1865 vart den nye vegen opna; langs den stupbratte fjellsida på austsida av Sandvinvatnet, gjennom fosselandskapet i Oddadalen, opp hårnålssvingane i Seljestadjuvet, over Røldalsfjellet, opp Austmannalia og Tarjebudalen, framom Svandalsflona og Midtlæger, gjennom Dyrskard og over Ulevå til Telemark. Først i 1887 vart vegen ferdig heilt fram til Dalen.

Anleggsbrakka i Dyrskard

Sommarstid var dette både ei attraktiv og komfortabel reiserute mellom Austland og Vestland; viktig for utviklinga av turismen. Vegen som går der i dag, følgjer enno i hovudsak den gamle traseen. I Dyrskard, det høgaste punktet på vegen, ligg den gamle anleggsbrakka. Denne vart også nytta av dei som moka vegen om våren; eit seint og slitsamt arbeid. Ein vanleg teknikk var å «åta» snøen; å strø jord på fonna slik at snøen smelta snøggare. Hordaland vegkontor har sett denne brakka i stand — eit lite, men viktig kulturminne i dette verharde skardet.

Trekkveg

Dyrskard har nok namnet sitt frå forhistorisk tid. Dyr tyder reinsdyr; den gong som no er dette den viktigaste trekkvegen for reinsdyrflokkane mellom Hardangervidda og Suldalsheiane. 

Share to