• Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)
  • Photo: Ingeiør Lunde? (Opphavsrett)
  • Photo: Axel Lindahl (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Turiststaden Odda

Ny inntektskjelde

Turismen, som sesongarbeid og attåtinntekt, vart ei ny inntektskjelde for bygdefolket. Denne høgkonjunkturen i reiselivet varte fram til utbrotet av verdskrigen i 1914. I 1904 hadde Odda 83 anløp av utanlandske turistskip; i alt 12 000 turistar kom sjøvegen. Reiselivet skaut for alvor fart då ruta mellom Newcastle og Bergen opna i 1890.

Hotella i Odda

I desse åra utvikla tettstaden Odda seg raskt og vart godt utrusta med hotell: «Hotel Hardanger», «Grand Hotel», «Hotel Odda», «Hotel Folgefonn», «Hotel Låtefoss» og «Buer Hotel».Eit nytt «Hotel Hardanger» vart opna i 1896, etter at det gamle brann ned. Det var ein av dei største trebygningane i Noreg; prydd med treskurd av Lars Kinsarvik og veggmåleri av Nils Bergslien. Seinare, frå 1917, var dette hotellet rådhus i Odda i mange år, til det vart rive i 1977.

Store summar 

Både engelskmenn og tyskarar sette sitt preg på turistmiljøet i Odda desse åra; dei siste i kjølvatnet, bokstaveleg tala, av keisar Wilhelm II og «Hohenzollern», som var årviss gjest i Hardanger frå 1889 - 1914. Strandstaden Odda talde i år 1900 27 bustadhus og 285 personar: hotellvertar, handelsmenn, handverkarar og skyssarar. Alle aldersgrupper tok del i turistnæringa. Amtmannen i Søndre Bergenhus Amt skriv i 1905 at det ikkje finst nokon statistikk som viser kva turistferdsla har å seia for distriktet, men det dreiar seg om store summar.

 

1 comment

  • Hotellet/rådhuset blei revet i 1976.

Share to