• Photo: Ann Steindal. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal. (Opphavsrett)

Smedane på Staup

Per Larsson

Smedkunsten stod høgt på Voss i eldre tid. På Staup budde fleire som merkte seg ut som særs dugande smedar. Per Larsson, f. 1760, var ein meister til å laga låsar og beslag til kister. Vossekistene var ofte umåla, smijernsbeslaga vart såleis viktigaste prydnaden på kista.

Anders og Arnfinn Eiriksson

Anders Eiriksson (1822-1891) smidde mykje dørlås til innstemming i dørbladet, men også andre dørlås og kistelås. Broren, Arnfinn Eiriksson (1824-1897) var òg ein uvanleg flink låsesmed. Han gjorde sjølve smiarbeidet så nøye at det vart lite arbeid med å fila låsdelane. Av ein gudbrandsdøl dei kalla «Maskin-Hans» lærte dei to brørne å laga treskjemaskiner som vart drivne av vasshjul, og dei bygde seinare mange slike kring i bygda.

Odd Knutsson

På Blikberget, nabobruket til Staup, budde Odd Knutsson (1835-1907); også ein kjend låsesmed. 

Share to