• Photo: avfotografert av Kjell Andresen (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Engesund

Tingstad

Engesund er nemnd som tingstad alt i 1650. 11. januar det året sat sorenskrivar, fut og seks lagrettemenn i tingstova der, med Ingeborg Olsdotter frå Bergen framfor seg. Ho vart dømd som heks og brend på Horneland i mai.

Kremmarsete

Gjestgjevarverksemda på kysten vart fastlagd i forordninga av 1648, og handelsverksemda skriv seg attende til same tida. Engesund var eitt av dei første kremmarseta utanfor byen. Fram til 1842 var det byborgarar som hadde hand om handelen, seinare tok bygdefolk over. Landhandelen vart lagd ned i 1973.

Seglskuteskipper

Det byprega «storahuset» vart bygt rundt 1840 av den eventyrlege seglskuteskipperen Tollev Thomsen frå Tysnes. Attåt handelen dreiv han med den største sildenota i distriktet og var ein av dei mest driftige notbasane på kysten.

Tørking av klippfisk

Dei blankskurte svaberga har vore tørkestaden for store mengder salta torsk opp gjennom åra. I høgsesongen var det arbeid for 200 mann. Lyngbrenning gav beite for utegangarsau, torvspading gav varme i stova. På dei frodige bøane dyrka dei korn, og vatnet på øya traut aldri.

Frå hummar- og østers- til lakseoppdrett

På tunet stod tett i tett med hus: eit stort sjøhus, lagerbu, løe, uthus, tingstove med gardsklokke på taket, fargeri, bakeri og bondestove. På sjøen har eigarane drive med hummar- og østersoppdrett. I dag er det lakseoppdrett som gjev attåtnæring og arbeidsplassar.

Pensjonat

Berre hovudbygningen, eit sjøhus og nokre andre bygningar står att i dag. Engesund har dei seinare åra vore drive som sommarpensjonat; ein nydeleg stad å koma til.

Share to