• Photo: Nils Georg Brekke (Opphavsrett)

Troskykkjene – ein forhistorisk bygningstradisjon

Grinda - ei «urform»

Det er stavbygningen i si «urform» vi møter her, ein forhistorisk bygningstradisjon opp i vår tid. Etter det vi veit i dag, har denne konstruksjonstypen vore i bruk i Vest-Noreg heilt frå bronsealderen og fram til 1900-talet. Eit stavpar med tversgåande bjelke, «beten», utgjer ei «grind». Bygde med øks, sag og navar; ofte av stadfunne materialar, representerer desse bygningane ein ”økologisk” byggjeskikk.

Mange att i Kvam

Det er eit stort kapittel i norsk bygningshistorie vi legg bak oss når desse bygningane går ut or bruk. Kvifor det er så mange att av desse troskykkjene på bøane i Kvam, er eit ope spørsmål. Dette er ein byggjemåte som har vore utbreidd i alle bygdene i Hordaland. Dei siste stavløene av grindverkstypen vart bygde på Osterøy så seint som i 1950-åra.
 

Share to