• Photo: Svein Nord
    (Copyright)

Fana kyrkje

Valfartskyrkje og kongeleg kapell

Første gong kyrkja i Fana er nemnd i skriftlege kjelder er i 1228, men den rundboga portalen i sørmuren i skipet og den nedre delen av muren vitnar om at kyrkja kan vera eldre. Fanakyrkja var i mellomalderen knytt til eit hospital; kanskje var det denne funksjonen som gjorde at ho fekk ry som valfartskyrkje. I 1303 vart denne kyrkja eitt av dei 14 kongelege kapella til Håkon V Magnusson. Då fekk koret truleg to store gotiske grindverksvindaugo. Kyrkja skal også ha hatt eit vesttårn i mellomalderen, men etter ein brann i 1644 fekk skipet ein tårnryttar av tre over vestgavlen.

Ombygd og restaurert

I 1870 vart kyrkja ombygd. Skipet vart lengd mot vest og fekk fire store vindaugo i kvar langmur. Koret vart høgare; i vest vart det bygt eit våpenhus i mur med eit tretårn over. I 1926-27 vart kyrkja restaurert. Skipet fekk no tre mindre vindaugo i kvar langmur. I vest bygde arkitekt Frederik Konow Lund ein tårnfot etter modell av Voss kyrkje og sette på ein takryttar av same type som sto på skipet før 1870.

Det undergjerande sølvkrusifikset vart etter tradisjonen fjerna frå kyrkja kring 1620 av høvedsmannen på Bergenhus, Thord Roed.

Share to