• Photo: Akvarell av Catharina H. Kølle: «Gravens Kirke». Foto Helge Sunde. (Opphavsrett)
  • Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)
  • Photo: Anders Beer Wilse (1865-1865) (Opphavsrett)
  • Photo: PerPlex (Opphavsrett)

Granvin kyrkje

1700-tals tømmerkyrkje

Stavkyrkja som stod her i mellomalderen, fekk seinare eit tårn bygt til. Mot slutten av 1600-åra vart denne kyrkja ombygd og utvida, men i 1726 vart ho riven og erstatta av den noverande tømmerkyrkja. Då denne kyrkja vart sett i stand i 1853, vart det bygt eit nordgalleri i skipet, og det fargerike interiøret frå 1700-talet vart overmåla. I 1921 vart kyrkja på nytt pussa opp og fekk då sitt noverande interiør.

Rankemåling og bibelske figurar

Rankebordar og måla draperi pryder langveggene i koret, medan austveggen har framstillingar av Peter og Paulus i arkadebogar. Denne dekoren er utført av målaren Lars Osa, som også har dekorert galleribrystninga i skipet med akantusgreiner, evangelistsymbol og ei krossfestingsframstilling. På veggen over nordgalleriet finn vi spor etter den opphavlege målinga frå 1700-talet, med rankemåling og bibelske figurar i bogeslag.

Fleire mellomaldergjenstandar

I koret står den mellomalderlege døypefonten av kleberstein, og på sørveggen i skipet heng eit fint krusifiks frå mellomalderen. På loftet heng ei lita bikubeforma kyrkjeklokke frå tida kring 1100. Det er ei av Nordens eldste kyrkjeklokker. Eit seinmellomalderleg alterskap og fleire prosesjonsstavar er i dag på Historisk Museum i Bergen.
 

Share to