• Photo: Willum Ekerheim (Opphavsrett)
  • Photo: Willum Ekerheim (Opphavsrett)
  • Photo: Willum Ekerheim (Opphavsrett)

Skiferbrotet på Øvernes

Helleproduksjon

Skifertekking av tak blei vanleg på Vestlandet mot slutten av 1800-talet og blei etter kvart eit etterspurd materiale til taktekking. Dei mest kjende og største brota i Hordaland finn ein på Voss og på Sollesnes i Jondal. Også øvernesskiferen synte seg å vera godt eigna til helleproduksjon. I hovudsak vart det produsert klipte takheller, særleg lappskifer frå brotet her. Øvernesskiferen er ein relativt hard skifertype som kan vera både vanskeleg og tidkrevjande å jobba med. Han er ikkje like lett å klippa som til dømes ”vossaskiferen”. Men som takhelle er han altså av god kvalitet, han sprekk ikkje og mosen veks ikkje på han. Fargen er mørk grå med eit blåaktig skjer.

Handarbeid

Arbeidet som steinarbeidar var tungt då alt arbeidet vart gjort for hand. Skiferen vart hoggen ut av fjellet med handbor, spett og slegge. Deretter vart hellene hogde til eigna stykke før ein klipte dei til rett storleik med skifersaks. Mange av hellene vart selde i Etne og nærområda, men størsteparten vart transportert med hest og kjerre til Kyrping og skipa ut med båt til ein større marknad.

Drifta

I starten vart føretaket på Øvernes drive av ulike privatpersonar, men i 1920 overtok A/S Etne Skiferfelter. På det meste i denne perioden jobba det kring tretti mann i skiferbrotet. I dei dårlege mellomkrigsåra fekk Etne Skiferfelter økonomiske problem og gjekk konkurs i 1927. Grunneigaren Gunnar Øvernes overtok då og dreiv vidare med 4-5 mann i arbeid fram til 1955. Etter det har det vore meir periodisk smådrift like fram til vår tid.

Nestenulukke

På 1950-talet skjedde ei alvorleg ”nestenulukke” i brotet. Medan arbeidarane var heime og hadde middagskvil klappa gruva dei jobba i saman. Dette sette ein alvorleg støkk i dei og drifta blei seinare konsentrert om mindre rasfarlege område.

Share to