• Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)
  • Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)
  • Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)
  • Photo: Paul Sedal (Opphavsrett)

Forsvarsanlegget på Fedje

Vinappen og Hesthaugen

Forsvarsanlegget er avgrensa til nordre og søre Vinappen og Hesthaugen. I tillegg var det eit mindre anlegg i Toskarhaugen. Vinappen og Hesthaugen hadde kontroll over sjøvegen frå nord til sør, og området var avgrensa med gjerde og minefelt. Einaste tilgjenget var gjennom den bevakta porten. Det var utferda passersetel til dei som hadde beiteområda sine innanfor gjerdet. Inne på området heldt kystartilleriet og luftvåpenet til. Avdelingane hadde kvar sine anlegg; offiserane hadde felles offiserbrakke. På det meste var det om lag 400 tyskarar stasjonerte på Fedje.

Krigsminne

Det er framleis mange krigsminne att frå forsvarsanlegget på Fedje. Det vart bygt losstasjon på tuftene til radartårnet og matbrakka i Hesthaugen vert no nytta som ungdomshus i regi av bygdelaget.

Share to