• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Postvegen Stalheim - Vinje

Frå Stalheim

I god stand er postvegen frå Stalheim, 400 m vest for Stalheim Hotel, vestetter gjennom tuna på Sleen, Tveito, Lunde til Hauge og Rygg ved Oppheimsvatnet. Her vart gjort mykje arbeid på vegen i åra mellom 1780 og 1800, da von Krogh var generalvegmeister. Den vakre steinkvelvingsbrua over Giljarhuselvi er frå den tida.

Gjennom gammalt kulturlandskap

På garden Hauge står tingstova frå 1300-talet. Vegen er ein fin turveg gjennom gammalt kulturlandskap, med fint utsyn over dalføret og fjellheimen i sør og søraust. Den noverande riksvegtraseen i dalbotnen vart vald ved omlegginga av vegen i 1840-åra.

På nordsida av Oppheimsvatnet

På nordsida av Oppheimsvatnet gjekk postvegen gjennom gardstuna på Løn, 200 m ovanfor noverande veg langs vatnet. Frå Oppheim kyrkje ligg den gamle postvegen i god stand til den gamle kyrkjestaden på øvre Vinje og ned til noverande Vinje sentrum. Mellom Oppheim og Vinje er her ein turveg langs den gamle postvegen på om lag 4 km. Over Sundvålselvi fører ei fin steinkvelvingsbru frå 1780-åra. På Øvre Vinje ligg den gamle kyrkjegarden til Vinje kyrkje, og frå tunet på Øvre Vinje har ein fin utsikt over Holbygdi mot Lønahorgi.

Share to