Niklas på Jønneberg

Da eg gjekk på framhaldskulen i 1969-1970, fekk me i oppgåve å skrive om ei segn frå heimbygda. Eg spurte Pappa om hjelp, og han fortalte meg denne historia.

Langt tilbake i tida budde det ein tusse på Jønneberg. Tussen var liten og krokut, og han hadde langt, stritt skjegg som rakk heilt ned på magen. Han heitte Niklas, og gjekk kledd i gråkufte og treskor. På hovudet hadde han ei geiteskinnsluve. Niklas var ein kvardagsleg og snill tusse. Han visa seg ved eit berg kvar fullmåne. Berget har sidan fått namnet Niklasberget. Mange av tenestegutane og tenestejentene til Jønnebergbonden og bonden hadde sett Niklas.

Ein gut nede frå bygda skulle ein gong på frieri til Jønneberg ved fullmåne. Han gjekk vegen om Niklasberget. Brått såg han Niklas lys levande framføre seg, men Niklas sa ikkje eit ord. Det gjorde han aldri. Det vart ikkje noko frieri den kvelden. Aldri har nokon sprunge så fort frå Jønneberg før eller sidan.

Bonden på Jønneberg hadde mange tenestegutar og tenestejenter på denne tida. Men etter kvart vart det vanskeleg for han å få tenestefolk.

Fyrste fullmåne etter jul gjekk bonden ned til Niklasberget. Han hadde med seg ”munnladningen” sin. No skulle han gjera ”ram” på Niklas. 

Jønnebergbonden la seg på lur, og venta i det klåre og fine vêret.

Etter ei stund kom Niklas fram. Då var ikkje Jønnebergbonden sein om å trekke av ”munnladningen”. Niklas vart borte, men i det same drog det opp til uvêr. Jønnebergbonden såg ikkje meir til Niklas etter den kvelden.

Dagen etter gjekk bonden ned til Niklasberget att. Der fann han blod i snøen. Då var han viss på at han hadde råka noko.

Segna fortel at på den tida vart ein av husmennene til Jønnebergbonden liggjande sjuk. Han fekk feber og låg i fleire veker. Ut på vårparten døydde husmannen. Kvifor husmannen vart liggjande sjuk fortel segna ingen ting om. Segna fortel òg at Niklas aldri sidan visa seg på Jønneberg.

Share to