• Photo: Jan Rabben (Opphavsrett)
  • Photo: Ann-Mari Olsen (Opphavsrett)
  • Photo: Ann-Mari Olsen (Opphavsrett)

Gravminne i Hystadmarkjo

Synlege frå sjøen

For oss tykkjest røysane i Hystadmarkjo liggja ulagleg til, bortgøymde som dei er i utmark og overgrodde av lyngtorv og kratt. Men den tid dei vart bygde, som minnesmerke over avlidne, stod sjøen eit par meter høgare enn i dag. Myrdraget mellom Valevågen og Mjelkevikjo var då eit sund med holmar utanfor. På begge sider av sundet låg røysane, lett synlege for den som fór framom i båt. Somme av dei er skadde ved plyndring eller omroting. Funna er heller få, for i det fuktige vestlandsvêret vert lite av gravgodset bevart i slike porøse røysar.

Brukte fleire gonger

Nokre av røysane i Hystadmarkjo har vorte brukte til gravlegging fleire gonger. I ei av dei er det funne heile fem steinkister frå bronsealderen. To tusen år seinare vart Hystadmarkjo på ny gravstad; som kolerakyrkjegard.

Urner med brende bein

Urnene frå steinkister i ei røys i Hystadmarkjo er dekorerte med rekkjer av avtrykk etter fingernagl og kan daterast til yngre bronsealder. Dei inneheldt brende menneskebein.

Rakekniv

I ei gravkiste i ei anna røys låg ein rakekniv av bronse, saman med restar av never og brende bein. Rakeknivar er vanlege gravgåver i sørskandinavisk bronsealder, men det er ikkje så mange av dei i landet vårt. Saman med pinsett og nål eller syl høyrde dei til mannen sine personlege toalettsaker.

Rakekniven frå Hystadmarkjo er frå første del av yngre bronsealder, knapt 1000 år f.Kr.

Share to