Reiseskildring frå Noreg

Dette er fyrsteutgåva på norsk av boka «Tre i Norge ved to av dem», skrivi av Walter J. Clutterbuck og James A. Lees. Boka vart utgjeve i London i 1882, og i Noreg i 1884. Fjellandskap, minneverdige møter med lokalbefolkninga, jakt- og fiskeopplevingar blir skildra med humor og blikk for detaljer. Dette er ei av dei tidlege reiseskildringane frå den norske fjellheimen, og gjev eit bilde av korleis den unge nasjonen vart oppfatta utanfrå. Boka er utstilt på Norsk fjellmuseum i Lom og er en ein del av samlinga frå Claus Hellberg, som museet deponerer for Den norske Turistforeininga. Boka har tilhøyrd ein annan kjent fjellmann, dansken Carl Hall, og har namnetrekket hans.


Share to