• Photo: Ann-Mari Olsen, M.A. 283. (Opphavsrett)
  • Photo: Arnulf Østerdal (Opphavsrett)
  • Photo: Arnulf Østerdal (Opphavsrett)
  • Photo: Arnulf Østerdal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Kyrkjene i Austevoll

Stavkyrkja på Sandtor var den eldste kyrkja i Austevoll. Håkon Håkonsson vitja kyrkja i 1240, og det er første gongen ho er nemnd i skriftlege kjelder.

Kyrkjene på Hundvåkøy og Storebø

I 1635 vart kyrkjestaden flytta til Austevoll på Hundvåkøy. Delar av den gamle Sandtorkyrkja vart òg flytta, og nytta til våpenhus i den nye, tømra kyrkja som vart bygd der. Den nye kyrkjestaden gav namnet til soknet, og i sin tur til kommunen. Då det vart bygt ny kyrkje på Storebø i 1891, vart tømmeret frå gamlekyrkja selt på auksjon, og det hamna som vyrke i florar og grisehus og andre uthus kring i bygda.

Alterskåpet er teke vare på, og finst i dag på Historisk Museum. Dette er eitt av dei finaste seinmellomalderlege alterskåp vi kjenner på Vestlandet. Truleg er det eit arbeid frå ein nordtysk verkstad. Eit så påkosta inventarstykke i ei lita soknekyrkje, ut mot Nordsjøen og storhavet, fortel litt om kor sentralt kyrkja på Sandtor har lege i mellomalderen, i hovudleia til Bergen.

Kyrkjestaden Møkster

Den andre gamle kyrkjestaden i Austevoll var på Møkster. Den første kyrkja her var truleg ei stavkyrkje, som vi finn nemnd første gong i 1360. Ei ny tømmerkyrkje vart bygd på same staden i 1686. Dette var ei lita, låg kyrkje utan tårn, og det vart sagt at ho såg ut som ei løe. I 1892 vart det ny soknekyrkje på Stolmen, og Møkstrakyrkja vart riven. Møkster er framleis namnet på kyrkjesoknet. I 1892 vart det også bygt kyrkje på Store Kalsøy, eller rettare sagt eit kapell, som høyrde til Austevollsoknet.

Både Austevoll og Møkster sokner høyrde til Våg skipreide i mellomalderen.

Med den nye kommuneskipnaden fekk Austevoll endå eit kyrkjebygg, kapellet i Bekkjarvik. Dette kapellet er innvigd i 1898 og høyrer til Møkster kyrkjesokn.

Share to