• Photo: Lars K. Ødegaard (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Nygaard

Nygaard var ein gard og seinare vaktarbustad som spelte ei stor rolle under bygginga av Bergensbana.

«Det er vel neppe en mand, som har hat noget med Bergensbanens forberedelser at gjøre, som ikke har tilbragt en nat paa Nygaard» skriv Sigvard Heber i si bok om bygginga av Bergensbana. Med tanke på den gode plasseringa i le og tilbaketrekt frå Nygardsvann er det lett å tenkja seg kvifor. I tillegg var garden einaste overnattingsplass i eit område som var svært isolert i tida då ein planla trasévalet. Etter at linjestikkinga og arbeida starta opp vart overnattingsgjestane på Nygaard såpass mange at eigaren, Ole Nygaard, konstruerte eit nybygg som vart leigd ut til Jernbanemyndigheitene. Dette vart seinare det som i dag er Vokterboligen. Etter at Nygaard Vokterbolig var ferdig vart det vanleg at jernbanelegen med familie budde på sjølve garden, mens ingeniørane budde i vaktarbustaden.

Etter at skinnegangen vart lagt eit lite stykke ovanfor Nygaard, vart det også konstruert ei banebu i samband med Nygaard Vokterbolig som ligg heilt i skinnegangen. Den vart truleg brukt til å oppbevara utstyr for vedlikehald av skinnestrekninga i området.

Share to