• Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)
  • Photo: teikna av Stein Davidsen (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Skare (Opphavsrett)

Ulvik herad

Ulvik var eiga skipreide i 1277, som Granvin og Eidfjord. På 1600-talet utgjorde Ulvik og Eidfjord ei skipreide. Frå 1689 omfatta Graven skipreide Granvin, Ulvik og Eidfjord.

Prestegjeld og kommune

Ulvik sokn høyrde til Kinsarvik prestegjeld til 1608; deretter til det nye Granvin prestegjeld. Eidfjord vart ein del av Granvin prestegjeld frå 1688. Prestegjeldet skifte namn i 1858, då Ulvik vart hovudsokn. Ulvik vart likeeins namnet på kommunen og lensmannsdistriktet, som omfatta både Granvin og Eidfjord. I 1891 vart så desse to soknene skilde ut som eigne kommunar.

God jordbruksbygd

Som ei av dei gode jordbruksbygdene i Hardanger har Ulvik mange velstelte kulturlandskap, forma av bondens arbeid gjennom generasjonar. Sentralt i bygda ligg gardar som Sponheim og Hakastad, Syse, Lekve og Kvale; gardar som ligg i jordbrukslandskapet slik det har sett ut dei siste tusen åra. Det er lett å forstå at denne bygda har gjeve plass til ein hagebruksskule, som på Hjeltnes, frå 1901.

Gartnaren i kulturlandskapet

Men den som framfor nokon har odla dette kulturlandskapet, både det ytre og det indre, er gartnaren og diktaren Olav H. Hauge. Han føyer ein ny dimensjon til landskapet, og han gjev opplevinga ein djupare resonansbotn: 

I natt har graset vorte grønt.
Ein fugl freistar å syngja,
skodda ris,
og soli kjem yver snøfjelli.
Frå morgonar for lenge sidan
Slær gleda veikt på sitt koparskjold.

Stadnamn i Ulvik

Ulvik, samansett med dyrenamnet ulv, er truleg det opphavlege namnet på prestegarden, som no ligg på Nedre Hakastad. Dette siste namnet er avleidd av mannsnamnet Haki. Førsteleddet i Brakanes er brake «einer». Hjeltnes har hatt namn etter Hjelten, ein langstrekt stein i sjøen nedanfor garden. Namnet er avleidd av gno. hjalt «handtak på sverd». Sisteleddet i Lekve og Øydve, gno. Leikvin og Eiðvin, er vin «naturleg eng».

Til grunn for førsteleddet i Spånheim, ofte skrive Sponheim, ligg spann «span, treskive i sverdslira», truleg om eit terrengtilhøve på garden. Finse, gno. Firnsær, kan tydast som «villmarksvatnet». Vallaviki reflekterer eldre Vall-land «grasmark» og er såleis i slekt med Valland i Kvam. Hallanger er mogeleg samansett av gno. hall «hall» og gno. angr «trong vik, fjord».

Share to