"Eit barndomsminne" av Lars Almklov

I Vanylven er det populært å skrive, her er rett å slett eit miljø for det skrivne ord! Lærarar i skulane er flinke til å fange opp i talenta, og lokalavisa Synste Møre gjer ein uvurderlig jobb i å publisere og stimulere desse kunstnarane til å yte og prestere. Mange av dei seier og at dei blir inspirerte av dei andre kunstnarane frå Vanylven. Spør ein meir konkret om dette, blir ofte den erfarne diktaren Lars Almklov teke fram som ei inspirasjonskjelde. Lars har 2 diktsamlingar bak seg. Langs ferdavegen, (1987) og Liv og landskap, (1990). I tilegg er det utgitt ei samling (2002). Lars Almklov fekk i 2005 kulturprisen i Vanylven. Lars lagar svært biletlege dikt, dette har inspirert Arild Skorge og underteikna til å prøve å dramatisere dikta. Første diktet i ein serie er ”Eit barndomsminne”. Minna frå barndomen er viktige, dei gjev ballast for resten av livet. Hold på dei gode minna, skriv dei gjerne ned slik at du kan dele dei med andre. God sommar til alle.

MVH

Jermund Rekkedal

2 comments

  • kva for programvare bruker du? macen min kjem opp med noko "som ser ut som når -Donald Duck bannar-2 for å sitere min gamle ven Norvald Brandal
  • Så hyggelig fortelling. Ble faktisk rørt og tankene fløy til min egen barndom. Takk.

Share to