• Photo: Atelier K. Knudsen, 1909 Universitetsbiblioteket i Bergen
    (Copyright)

Flåm kyrkje (frå 1670)

Flåm kyrkje vart bygd to gongar. Den fyrste bles ned etter 1 ½ år. Den andre står framleis. Ho har 160 sitjeplassar.

Flåm kyrkje er ei langkyrkje frå 1670, bygd av byggmeister Magne Essen frå Osterøy. Gamlekyrkja, som stod til nedfalls, var truleg ei stavkyrkje. I kontrakten med byggmeisteren stod det at den nye kyrkja skulle setjast opp på same staden, på garden Flåm. Han skulle ha 60 riksdalar for arbeidet.

Men byggmeisteren sette opp nykyrkja nede ved fjorden, ikkje på Flåm, og han reiv heller ikkje den gamle. Og så gjekk det ikkje likare enn at ho bles ned i ein storm hausten 1669. Bispen, Hr. Randulf, kravde at han skulle setja opp ny kyrkje, på rett stad, for den betalinga han alt hadde fått. Byggmeisteren klaga si naud, og til sist gjekk bispen med på å gi han halv betaling for nykyrkja, 30 dalar.

Det var truleg berre det tømra råbygget som stod ferdig i 1670. Etter kvart kom det til våpenhus, preikestol og altertavle. Veggane innvendig vart måla med landskapsmotiv og rosemåling. Utvendig vart ho tjørebreidd og seinare bordkledd.

Flåmskyrkja har 160 sitjeplassar og er soknekyrkje for Flåm sokn, Aurland prestegjeld.
 

Share to