• (Opphavsrett)
  • Photo: Kristen Feidje (Opphavsrett)
  • Photo: Foto frå blad. (Opphavsrett)

Jekter og motorbåtar i Feios II

"Helgafjell" vart kjøpt av Kristen Feidje og Arne S. Feidje i 1968.

"Helgafjell"

”Helgafjell” var ein 65 fot stor kutter med 40 hk Rubb-motor. Båten var bygd i Hardanger og vart ombygd der i 1945-46. Opprinneleg vart båten nytta til fiske ved Shetland. Etter ombyggingi kunne båten lasta meir.

I 1968 kjøpte Kristen Feidje og Arne S. Feidje denne båten. I 1973 overtok Kristen båten åleine. Båten vart bl.a. nytta i mjølkeruta mellom Feios/Fresvik og Vik, fram til vegen kom. Båten vart og nytta til strekking av fjordspenn, både i Fimreite-Rabnaberg og i Romsdalen. Etter at det var slutt på mjølkeruta, var det all slags lausfart. Båten frakta bl.a. jernbanesviller frå Sogn , Sunnfjord og Nordfjord til Flåm. Det vart og turar til Bergen med ved og material.
 

 I hardt vêr

Ein gong held båten på å forlise då Kristen og Sverre Feidje skulle heim frå Bergen til Feios, fullasta med jernbanesviller. Det var stiv kuling og ein veldig sjø over Fensfjorden. På ein del av strekningi låg dei i le av ein stor fraktebåt, men så for den ifrå dei, og dei fekk brottsjøen rett på kutteren.

Kristen har fortalt at han tenkte at no går me rett ned. Og det kjendest som dei berre for ned og ned og ned.

Sverre, som var ein hardbarka sjømann utan særleg frykt for noko, sa endåtil: ”viss vi går ned no, så kan vi til helvete bare gå ned”. Han meinte vel at sidan sjøen var so voldsom, so var det vel ikkje so løge om dei gjekk ned heller.

Men båten var godt bygd, stødig og god, og dei kom seg opp frå kaven. Dei greidde manøvrera seg inn ein fjordarm, og i le for den veldige sjøen. Der måtte dei retta opp att lasti, og liggja i ro til morgonen etter. Då hadde veret løya, og dei kunne forsetja heim til Feios.

”Det var no berre lukka som berga oss”, sa Kristen om denne ferda, som sette spor i ein, den gong, ung båteigar.
 

Share to