• Photo: Kjell Andresen
    (Copyright)

Vik

«Kaksen i Vik»

Eit brev frå Jondal, dagsett  3. mai 1459, stadfester at Sigurd Magnusson sel til frenden sin, Magnus Jonsson, «half femta mamatabol jord i Wiik som liggr i Jonadal nordar firir aaen». Om «kaksen i Vik» høyrer soga eller segna til, er vanskeleg å avgjera i dag. Det vi veit, er at Johannes Lauritsson Vik (1620-1704), som var lensmann i Jondal 1668-85, overtok garden i ung alder og vart ein velhalden mann. Han kjøpte det meste av Munkelivgodset i Jondal og delar av Galtunggodset. Kring 1700 var han også vorten eigar av Sålesnes.

Lensmenn

Gjennom mange generasjonar har det vore lensmenn i Viketunet, og denne garden gjev oss eit nærbilete av bondelensmannens stand og stilling, som futen sin forlengde arm i lokalsamfunnet.

Hus frå 1600- og 1700-talet

Delar av det velbygde stovehuset skriv seg truleg frå slutten av 1700-talet, med dørfyllingar og listverk i barokkstil; seinare er huset blitt litt ombygt midt på 1800-talet. Stabburet er truleg også frå 1700-talet, medan eldhuset, som openbert har vore ei røykstove, etter tradisjonen skal vera frå 1600-talet. Kanskje er dette det eldste stovehuset på garden.
 

Share to