• Photo: Gunnbjørg Austrheim (Opphavsrett)
  • Photo: teikna av Magnus Hardeland (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Fitjar kommune

Våg skipreide

Våg skipreide omfatta fire sokner: Tysnes, Fitjar, Møkster og Austevoll; ei administrativ inndeling som går attende til mellomalderen. Opphavet til namnet på Våg skipreide er usikkert. Våge på Tysnes er nemnd som tingstad i 1590, men også sju vågar i Fitjar ligg sentralt i området: Levåg, Sandvikvåg, Tveitevågen, Stokkavågen, Nesevågen, Øyjordsvågen og Gloppevågen. I ein av desse vågane låg leidangsskipet. I Tveitevågen er det registrert tufter etter eit langskipsnaust. Grannegarden Levåg, som ei tid var lensmannsgard, var tingstad i eldre tid.

Fitjar prestegjeld

Før 1660 hadde almannatinget eit preg av folkestyre. Ved innføringa av eineveldet vart dette til eit lokalstyre underlagt futar og andre embetsmenn. Bondelensmannen vart embetsstyret sin forlenga arm i lokalsamfunnet. Det var eit slikt lokalstyre som møttest for siste gong i Engesund i 1837. Etter dei nye formannskapslovene omfatta den nye kommunen soknene Stord, Fitjar og Valestrand. Frå 1862 vart Fitjar prestegjeld skilt ut som eigen kommune, og kommunestyremøta vart i byrjinga haldne på handelsstaden i Færøysund.

Stadnamn i Fitjar

Fitjar er ei fleirtalsform av fit «fuktig, lågtliggjande eng». Rimbareid er ei samansetjing av rimb «låg, avrunda jord- eller grusrygg» og eid. Namneleddet År- i Årskog kjem ikkje av å «elv», men av or, gno. olr, alri «orekratt». Færøy- i Færøysund kjem av gno. fær «sau» og er såleis i slekt med Færøyane. For Engesund, av eng, skulle vi ha venta Engja-, men alt på 1800-talet er namnet notert i den skriftpåverka uttalen Enge-.

Share to