• Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)
  • Photo: Knud Knudsen (Opphavsrett)
  • Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Godøysund

Herberg, handel og skyss-skifte

Den eldste soga frå Godøysund er ukjend, før staden får ei oppbløming i samband med skottehandelen på 15- og 16-hundretalet. Namnet dukkar første gang opp i kjeldene som lasteplass for skotteskipa, tidleg på 1600-talet. «Gøysundet» var etter kvart herberge for reisande folk, det var handelsstad (kremmarleie), det var skyss-skifte og frå 1750 var det tingstad for Opdal skipreide i over hundre år. Gjestgjevarane hadde elles ein liten bygselplass, og dei fiska med større og betre reiskap enn allmugen elles. Så dreiv dei jamt med oppkjøp og salting av sild og fisk.

Hotell og turisme på 1800-talet

Godt ut på 1800-talet kom det ein ny fase i Godøysund si soge. Staden vart rusta opp til landhandel med postkontor og dampskipsstoppestad. Dei siste skotteskipa kan ha vitja Godøysundet så seint som i byrjinga av 1800-åra. Så kom skiftet til det moderne «Godøsund» ut på 1880-talet, då bergensaren Gullaksen bygde opp «Godøsund Hotel». Dette innleier turismen i Tysnes. Dei første gjestene var utlendingar, helst engelskmenn. Litt ut på 1900-talet vart Godøsund oppdaga av det bergenske borgarskapet.

I 1960-åra vart landhandel og postopneri nedlagde, dampskipsstoppestaden fall vekk, og i dag er berre hotellet tilbake.

Share to