• Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)
  • Photo: Kjell Andresen (Opphavsrett)
  • Photo: prinsippskisse av Stella East. (Opphavsrett)

Måbø

Øydegard

Måbø var truleg ein gard som vart liggjande øyde etter svartedauden kring 1350. Ein kraftig auke i folketalet på 1600-talet førte til at mange øydegardar vart tekne i bruk att, som Måbø. Den første omtalen av garden har vi frå ei bygseltaksering i 1633. Halsnøy kloster åtte då garden. I 1759 vart dei to brukarane på Måbø sjølveigande bønder. Måbø var busett og i drift fram til 1970-talet. Gardstunet på Måbø er eit lite rekkjetun med to bruk. Bustadhus og løer ligg langs den gamle kløvstigen, som går gjennom tunet. 

Vatningsanlegg

Vatningsanlegget var avgjerande for å få gode avlingar på Måbø. Tilsvarande vatningssystem finn vi og i andre ned børsfattige område. Kunstig vatning av åker og eng vert omtala i skrivne kjelder i 1626, men systemet er truleg eldre. Frå ein dam ved elva Bjoreio vart vatnet ført langs veiter til innmarka. Frå hovudveita gjekk det fleire fordelingsveiter. Ved inntaket av vatn frå elva, og ved alle forgreiningane, vart det bygt karmar med solide luker av tre. Vatnet kunne dei fordela utover innmarka ved å regulera lukene.

Share to