• Photo: Nina Jorunn Brekke
    (Copyright)

Solglytt 1909: Tri ynskje (10.oktober)

Ei hulder hadde fenge hjelp av nokre fatigfolk og for dette lova ho at dei skulde faa ynskje seg 3 ting.

                       Tri ynskje

Ei hulder hadde fenge hjelp av nokre fatigfolk og for dette lova ho at dei skulde faa ynskje seg 3 ting.


So var det ein dag mannen kom trøytt og svolten heim or skogen. Kjerringi hadde ingen mat og sa:


”Aa gjev eg hadde ei diger pylsa åt deg.”


Med det same ho hadde sagt det stod det paa bordet ein sylvdisk og paa den laag det ei diger pylsa.


Mannen vart harm av di ho hadde sumla burt eit ynskje og sa:
”Berre pylsa sat paa nosi di”.
Ikkje fyrr hadde han sagt det, fyrr pylsa sat paa nosi hennar.


Dei reiv og sleit men pylsa sat like fast.

Daa laut dei ut med det 3dje ynskje elles hadde dei ikkje fenge pylsa laus.


                                                                ?

 

Bladstyrar : Rasmus Skaar

 

 

Ortnevik Ungdomslag vart skipa i 1904, og lagsavisa Solglytt har eksistert sidan 1909.
Talrike skribentar og redaktørar har forma innhaldet i dei handskrivne bøkene.
Ironi eller djupt alvor – tolkar vi tekstene rett?

Share to