• Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Reinunga vaktarbustad

Denne vaktarbustaden stod ferdig i 1900, og er som dei andre frå denne tida teikna av Paul Armin Due. Den er eit godt døme på «Dobbel vokterbolig af Træ Voss–Taugevand, stor type».

Høgt og fritt over bana, i ei stupbratt skråning på eit av banas vanskelegaste punkt ligg den som eit slott. Det synte seg snart at om banevaktarane på denne plassen skulle koma seg til og frå sporet, måtte ein byggja arbeidsvegen inn, og ei innebygd trapp med 100 trinn vart bygd. Banevaktarane på Grjotrust vaktarbustad måtte få det same for å koma seg trygt på arbeid. Den innebygde trappa på Reinunga enda ved inngangen til den 1500 meter lange Reinungatunnelen. Tunnelen vart laga for å unngå ras i den bratte fjellsida her. Denne tunnelen vart driven med handboring, og det gjekk fleire ras inne i tunnelen mens arbeidet sto på. Anleggsarbeidarane budde då i vaktarbustaden og ei rallarbrakke som låg her, men som seinare vart riven.

Stikkingsarbeidet på denne delen av bana var særs krevjande og farleg i den stupbratte fjellsida. Banevaktarane her hadde ansvar for ei 5,5 km lang strekning frå vestenda av Reinungatunnelen og austover, som for det meste var i tunnel eller snøoverbygg. I damplokomotivtida var tunnelane og snøoverbygga ofte fulle av tjukk, grå røyk som gjorde det vanskeleg å pusta. Det kunne til og med vera vanskeleg å sjå gjennom røyken, og kollisjonar mellom to dresinar var ikkje heilt uvanleg. Arbeidsdagen byrja klokka halv tre om natta for den av banevaktarane som hadde fyrste vakta. Han måtte visitera strekninga før nattoget frå Oslo kom ut av Reinungatunnelen i halv fem-tida. Langs denne delen av bana er lite endra sidan bygginga, men snøoverbygga er no i metall.

Share to