• Photo: © Normann
    (Copyright)
  • Photo: Svein Nord
    (Copyright)

Holdhus kyrkje

Stavkyrkje

Holdhus kyrkje vert omtala i Bergens kalvskinn kring 1350, men ho er nemnd første gong i eit kyrkjeinventar frå 1306, som reknar opp «goz ok skrud kirkiunnar j Halande j Rossadale». Dette var ei stavkyrkje.

Endringar

Kring 1600 vart koret erstatta av eit tømra kor. Samstundes vart det bygt til eit vesttårn. I 1720-åra vart stavkyrkjeskipet rive, og det vart bygt eit nytt, tømra skip, slik at tårnfoten vart ståande inne i skipet. Her ser vi at dei har nytta materialar frå stavkyrkja. I 1703 opplyser rekneskapane at det vart sett opp «Pulpetur nedre i Kirchen till Ungdommen at staa paa». Under dette pulpituret, eller galleriet, stod i eldre tid døypefonten i ein innebygd stol med sprinkelverk.

Prydnad og inventar

Veggene i skipet er truleg måla i 1720-åra. Benkevangane har innskrifter med initialane til bøndene på gardane ikring. Den gamle altertavla, ei såkalla katekismustavle frå 1590, heng på vestveggen i koret. Preikestolen, med sine seingotiske pergamentmotiv eller foldeornament, er frå 1570.

Share to