• Photo: Ann Steindal
    (Copyright)
  • Photo: teikna av Arvid Sveen.
    (Copyright)
  • Photo: Anders P. Wallevik
    (Copyright)
  • Photo: Ann-Mari Olsen
    (Copyright)

Jondal kommune

Eigen kommune 1846

Jondal sokn høyrde til Strandebarm prestegjeld til soknet vart overført til Ullensvang i 1968. Jondal vart, på grunnlag av den geistlege inndelinga, skilt ut frå Strandebarm som eigen kommune i 1846. Ved kommunereguleringa i 1965 vart Tørvikbygd krins overført til Kvam. Samstundes kom garden Kysnes i Strandebarm over til Jondal.
 

Stadnamn i Jondal

Jondal kan innehalda eit bortkome elvenamn av same rot som førsteleddet i det svenske Jønkøping, og då avleidd av gno. ýr «barlind». Dei tre nes-namna Torsnes, Sålesnes (ofte skrive Sollesnes) og Kysnes er alle gamle samansetningar. Det første inneheld gudenamnet Tor, det andre gno. sáluhús «herberge for reisande», og det tredje har samanheng med gno. kjóss «liten dal».

Krossdalen har namn etter forma. Det kan ein òg seia gjeld Brattabø og Flatabø, der sisteleddet er gno. bær «gard». Førsteleddet i Svåsand er usikkert, medan sisteleddet sand viser til sandhaldig grunn. Heller ikkje bygdenamnet Herand er sikkert tolka. Kanskje det høyrer til same tydingskrins som Hereiane ved Svåsand. Det kan tenkjast ein samanheng med herad, som i sin tur er avleidd av gno. herr «(skips)hær».
 

Share to