• Photo: Nils Georg Brekke (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Andrva (Opphavsrett)

Lars Kinsarvik og Trond Larsson Hus

«Hardingakister»

Etter tradisjonen lærte han å måla av telemarkingen Bjørn Bjaalid, men det er stilen til Thomas Luraas som pregar kistene hans. Kistene, som vart sende til byen med jekteskipparane og selde på Strandsiden, hadde ein litt forenkla telemarksdekor. Denne halvindustrielle handverksproduksjonen fekk eit stort omfang etter midten av 1800-talet. Det var nærare 10 målarar i sving, og opptil 1000 «haringakister» vart sende frå Sørfjorden år om anna. «Trond i Vikje» hadde i periodar eit samarbeid med søskenbarnet sitt, Johannes Jonsson Kjerland frå Granvin. Han hadde gått på Den Nyttige Selskabs teikneskule i Bergen og arbeidde på Prahls litografiske anstalt — ein mann med akademisk lærdom og ein av Vestlandets mest velutdanna rosemålarar. 

Den nasjonale treskurden

Dette oppvekstmiljøet var bakgrunnen for Lars Kinsarvik (1846-1925) son til Trond. Han lærte rosemåling av faren, og etter 3 års utdanning i Bergen overtok han målarverkstaden i Kinsarvik. Han tok alle typar målararbeid, også husmåling, men etterkvart byrja han med treskjering om vinteren, i ein nasjonalromantisk akantusstil. Og her opna det seg eit felt der Lars Kinsarvik utvikla seg til å verta ein av hovudmennene i den «nasjonale» treskurden på slutten av 1800-talet. Det var mange som gjennom åra lærte treskjering på verkstaden i Kinsarvik.
 

1 comment

  • Jeg søker Bjålid. Skjerp dere !! Masse rot. Skamlig at det ikke går an å finne fram i norsk folkekunst og de som var kunstnerne.

Share to